Sentral godkjenning av føretak

Brukarportalen for sentral godkjenning

Sentral godkjenning er ein frivillig kvalitetsordning som syner at føretaket oppfyller krava til faglege kvalifikasjonar, kvalitetssikringsrutinar og seriøsitet i Byggesaksforskrifta (SAK10).

Søk om sentral godkjenning

I høgre hjørne kan du logge inn for å søkje om sentral godkjenning eller ettersende vedlegg i samband med søknaden. Nedanfor kan du lese meir om sentral godkjenning og kva du treng til søknaden.

Endringar i fagleg leiing

Du kan sende oss informasjon om endringar i fagleg leiing som kan påverke noverande godkjenning til [email protected]. Dersom de treng å utvide godkjenninga deira, kan de lese meir nedanfor om å søkje om endring.

Fornyelse og endring av sentral godkjenning

Dersom du ønskjer å fornye den sentrale godkjenninga, må du søkje innan utløpet av godkjenningsperioden og dokumentere at føretaket tilfredsstiller dei gjeldande krava i SAK10.

For å utvide godkjenninga med fleire godkjenningsområde eller tiltaksklassar innanfor den eksisterande perioden, kan du søkje om endring.

Underenheter kan også søkje om sentral godkjenning

Du kan søkje om sentral godkjenning for både undereinheit og hovudeinheit. Dersom føretaket ditt er delt opp geografisk i ulike avdelingar, kan de få registrert den enkelte avdelinga som undereinheit med eige organisasjonsnummer i Foretaksregisteret. Dersom du skal søkje på ein undereinheit, må den faglege leiinga som oppfyller krav til utdanning og praksis vere fast tilsett i den aktuelle undereinheiten.

De kan lese meir om overføring av sentral godkjenning frå hovudeinheit til undereinheit nedanfor.

Overføring av sentral godkjenning

Dersom føretaket ditt har sentral godkjenning og skal endre organisasjonsnummer, eller ønskjer å overføre godkjenninga frå hovudeinheit til undereinheit, kan du søkje om å overføre godkjenninga etter nærare bestemte vilkår. Her kan du lese meir om overføring av sentral godkjenning.

Kva du må dokumentere i søknaden

Dette må du dokumentere:

  • Utdanning i form av vitnemål, fag-/svennebrev, mesterbrev eller anna dokumentasjon som viser at føretaket har fagleg leiing med relevant utdanning på rett nivå. Her kan du lese meir om dokumentasjon av utanlandsk utdanning.
  • Referanseprosjekt som skildrar kva føretaket har gjort, eller erfaringa fagleg leiar har med inn i føretaket. Fagleg leiing må ha relevant og oppdatert praksis innan godkjenningsområdet det vert søkt om og nødvendig praksislengde.
  • Fast tilsetjing for den faglege leiinga i føretaket, til dømes i form av skriftleg arbeidsavtale.
  • Organisasjonsplan som viser ansvars- og myndelegheitsfordeling i føretaket.
  • Eventuell dokumentasjon på unntak frå registrering i Merverdiavgiftsregisteret.

Dette må du stadfeste at føretaket ditt oppfyller:

  • Krava til helse, miljø og sikkerheit i internkontrollforskrifta.
  • Krava til kvalitetssikringsrutinar for oppfylling av plan- og bygningslova.

Dette er valfritt:

  • Du kan sende inn dokumentasjon som syner at føretaket ditt har yrkesskadeforsikring og ansvarsforsikring.
  • Informasjon om at føretaket eventuelt er godkjent opplæringsbedrift vert henta automatisk frå www.finnlaerebedrift.no.

Godkjenningens varigheit og opplysningsplikt

Godkjenninga vert gitt for tre år om gongen. Føretaket pliktar å melde frå om endringar som har betyding for godkjenninga, til dømes omorganisering, tvangsavvikling eller konkursbehandling, eller om fagleg leiing som ligg til grunn for godkjenninga ikkje lenger jobbar i føretaket. Send informasjon om endringane til [email protected]

Godkjenningsmerke og godkjenningsbevis

Dersom sentral godkjenning vert innvilga, kan du laste ned godkjenningsmerket til bruk i marknadsføring av føretaket ditt. Du kan logge inn nedanfor og laste det ned frå Ditt føretak. Der kan du òg laste ned godkjenningsbeviset som også er tilgjengeleg i registeret over sentralt godkjente føretak.

Klage på vedtak

Dersom du er ueinig i vurderinga vi har gjort, kan du klage på vedtaket du har fått. Klagefristen er 3 veker. Her kan du lese meir om klagesak og klagenemnda for sentral godkjenning. Du kan òg søkje på nytt for å dokumentere ytterlegare opplysningar om føretaket ditt i staden for å klage på eit vedtak.

Tilsyn

Direktoratet for byggkvalitet fører tilsyn med sentralt godkjente føretak. Dette gjer vi mellom anna for å sjekke at kvalitetssikringsrutinane til føretaket ditt er i samsvar med SAK10 og at dei er i aktiv bruk, slik du stadfestar i søknaden.

Rettar i Altinn

For å søkje om sentral godkjenning på vegner av føretaket, må du ha riktige rettar i Altinn. Dersom du ikkje har dette allereie, kan du få tildelt det.

Slik får du nødvendige rettar i Altinn

Har du spørsmål?

Du kan lese meir om sentral godkjenning på nettsida vår.

Her finn du telefonnummer og informasjon om svartjenesta vår.

Er du sikker på at du vil utføre denne handlingen?